Henry J. Kaiser
From Wikipedia, the free encyclopedia
Henry John Kaiser (fødd 9. mai 1882 i Sprout Brook i New York, død 24. august 1967 i Honolulu på Hawaii) var ein USA-amerikansk industrimann som vart kjend far til skipsbygginga i USA. Kaiser starta som entreprenør ved veganlegg og baserte verksemda si på arbeidssparande maskiner og transportmiddel. Han etablerte Kaiser Shipyard som bygde libertyskip under den andre verdkrigen, og deretter starta han Kaiser Aluminum og Kaiser Steel. Kaiser organiserte også Kaiser Permanente, som gav helsetenester til dei tilsette og familiane deira. Namnet «Permanente» kjem frå bekken som rann gjennom området til sementfabrikken hans i California.
Henry J. Kaiser | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 9. mai 1882 Sprout Brook |
Død |
24. august 1967 (85 år) |
Yrke | oppfinnar, gründer, velgjerar, ingeniør, industrieigar |
Språk | engelsk |
Henry J. Kaiser på Commons |
Han etablerte Kaiser-Frazer saman med Joe Frazer i 1945, etterfølgt av Kaiser Motors. Desse bilprodusentane vart kjende for trygge bilar. Kaiser var i tillegg involvert i store byggjeprosjekt som kultursenter og demningar, og han investerte i eigedom. For å gje vekk noko av rikdommen sin, oppretta han velgjerdsorganisasjonen Kaiser Family Foundation.