Hegg
planteart / From Wikipedia, the free encyclopedia
Hegg (Prunus padus) er eit lauvtre som veks over heile Noreg. Prunus er eit gammalt namn på plommetre, padus var namnet på ein busk i det gamle Hellas. Treet er vanleg i Europa og store delar av Asia. Hegg kan bli opp til 18 meter høg, har mørk stamme, langsmale og dropeforma mørkegrøne blad og kvite blomar som seinare blir til bær. Det er ofte fleire stammar som til saman dannar eit tre. Bæra blir svarte når dei er mogne, og har bitter smak. Blomane sit fleire i lag på ein 10–15 cm lang stilk. Dei er kvite og har ei aromatisk duft.
Hegg | |
Hegg | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av hegg | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Rosefamilien Rosaceae |
Underfamilie: | Amygdaloideae |
Stamme: | Amygdaleae |
Slekt: | Kirsebærslekta Prunus |
Art: | Hegg P. padus |
Vitskapleg namn | |
Prunus padus |
Heile treet blomstrar kraftig om våren etter lauvsprett (mai og juni). Seinare blir blomstrane til svarte bær som er store som erter med ein stein i midten. I juli-august er bæra mogne og dei har ein bitter smak. Treet formeirar seg ved hjelp av fuglar som spreier bæra. Hegg kan dessutan formeira seg både ved rot- og stubbeskot.