Hayling Island
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hayling Island er ei øy utanfor sørkysten av England i Havant i Hampshire.
Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...
Hayling Island | |
---|---|
[[Fil:|250px|Flyfoto av Selsey Bill, Hayling Island og Portsea Island]] Flyfoto av Selsey Bill, Hayling Island og Portsea Island | |
Geografi | |
Stad | Solent |
Koordinatar | 50.783333°N 0.966667°W / 50.783333; -0.966667
|
Areal | 30 km² |
Lengd | 6,5 km |
Breidd | 6,5 km
|
Administrasjon | |
Land | England |
Grevskap | Hampshire |
Største busetnad | Mengham
|
Demografi | |
Folketal | 16 887 (2001) |
Folketettleik | 562,9 /km² |
Lukk
Øya er forma som ein T og er 6,5 lang og brei. Totalt har ho eit areal på 30 km². Det går ei bru frå nordenden til fastlandet. Det går òg båtrute frå øya til naboøya Portsea der byen Portsmouth ligg. I vest ligg Langstone Harbour og i aust Chichester Harbour.
Øya er stort sett eit bustadområde, men òg eit feriesenter for brettsegling og vanleg segling.