Gudrid Torbjørnsdotter
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gudrid Torbjørnsdotter (norrønt Guðríðr Þorbjarnardóttur, islandsk Guðríður Þorbjarnardóttir), òg kalla Gudrid den vidfarne, fødd rundt 980, var ein islandsk oppdagingsreisande i norrøn tid. Ho var ei av verdas mest vidreiste kvinner i tida rundt år 1000. Det er fortalt om Gudrid både i Soga om Eirik Raude og i Grønlendingesoga[1]. I fylgje sogene gjorde ho åtte reiser i Nord-Atlanteren. Ho var mellom anna med mannen sin på ei reise frå Grønland til Nord-Amerika, der ho fekk sonen Snorre. Den siste store reisa hennar var ei pilegrimreise, til fots gjennom Europa, til Roma.
Gudrid Torbjørnsdotter | |||
Fødd | om lag 980 på Island | ||
---|---|---|---|
Død | Byggðasafn Skagfirðingar, Glaumbær | ||
Land | Island | ||
Far | Þorbjörn Vífilsson | ||
Ektefelle | Thorstein Eiriksson, Torfinn Karlsevne | ||
Barn | Snorri Þorfinnsson |
Dei to sogene fortel i grove trekk same historia, men detaljane i sogene stemmer ikkje heilt med kvarandre. Sogene inneheld òg forteljingar om ei trollkvinne, ein «einfoting» som var svært god til å springa og fleire andre fantasifulle forteljingar. Ein kan difor ikkje ta sogene bokstaveleg, men noko av det som står i dei stemmer så nokolunde med etterprøvbare observasjonar. Denne artikkelen freistar å trekkja ut det som handlar om Gudrid, og slikt som ikkje er direkte relevant eller som opplagt er fantasi er ikkje teke med.