Gotisk kunst
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gotisk kunst (frå fransk gothique og italiensk gotico) viser til ein stilperiode og ein epoke i europeisk kunsthistorie som oppstod i dagens Frankrike kring år 1100 og var representert over heile Vest-Europa på 1500-talet. Gotikken hadde utgangspunktet sitt og størst tyding i arkitekturen, sjå gotisk arkitektur. Resten av kunstartane, skulptur, måleri, glasmåleri, freskomåleri og illuminerte manuskript, var alltid på noko vis underordna arkitekturen og kyrkjerommet. På 1300-talet var gotisk kunst blitt internasjonal, og hadde då endra seg til ein verdsleg og naturleg stil som fortsette inn på 1400-talet til han gjekk over til renessansen.
Den tidlegaste gotiske kunsten var kristne skulpturar, skapt på veggene av katedralar og kloster. Katedralane var tenkte som mikrokosmiske representasjonar av verda – dei enorme dimensjonane og den imponerande vertikaliteten skulle gjenspegla Guds ære og stilla ho opp mot kor små dei døydelege var.
Den gotiske stilen er himmelstrebande i vesen, og er kjenneteikna av ein skjelettliknande steinstruktur, store glasflater, smale spir, strebebogr- og strebepilarer, kryssribbekvelv og ei fantasifull, skulpturell utsmykking. Alle desse eigenskapane var ein konsekvens av dei store tynne veggflatene, gjennombrotne av store glasmåleri og galleri, som gav meir lys til kyrkjerommet. Dette var gjort mogleg av ein ny byggeteknikk som flytta vekta til byggverket til utsida av bygget, framfor at det kvilte på si eiga vekt.