Gloucester
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gloucester er ein by og eit administrativt distrikt i Gloucestershire, England. Han er administrasjonsby for grevskapet.
Gloucester | ||
---|---|---|
Gloucester frå Painswick Beacon | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Gloucestershire | |
Distrikt | Gloucester | |
Grunnlagd | ||
Geografi | ||
Flatevidd - By |
40,54 km² | |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
123 200 3 039 /km² | |
Koordinatar | 51°52′N 2°15′W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | GL1-4 | |
Telefon-retningsnummer | 01452 | |
Byen ligg nær grensa til Wales, på austbreidda av Severn. Han har Cotswolds mot aust, Forest of Dean mot vest og Malvern Hills mot nordvest.
Gloucester er ein hamneby, som via Gloucester- og Sharpnesskanalen er knytt til Severnfjorden. Kanalen tillét større skip å segle inn til byen, men i nyare tid har hamna likevel mista mykje av tydinga si. Verfta, lagera og dokkene forfall i lang tid, men i 1980-åra vart dei restaurert og lagde ut som eit ope område for innbyggjarane. National Waterways Museum er innreitt i nokre av lagera, medan andre er gjorde om til luksusleiligheter, butikkar og serveringsstader.
Gloucesterkatedralen starta som eit kloster vigt til apostelen Peter, som vart grunnlagt i 681. Kong Edvard II er gravlagd der. For mange er katedralen kanskje mest kjend for at fleire scener i filmane om Harry Pottar er spelt inn der. Rett ved katedralen er St Mary's Square, der biskop Hooper vart avretta under Maria I.