Geoffrey Chaucer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Geoffrey Chaucer (ca. 1343–25. oktober 1400) var ein engelsk forfattar, filosof, hoffmann og diplomat. Han er best kjend for Canterbury Tales, eit ufullendt verk sett saman av ei rekkje forteljingar frå reisande som kan minna om den samtidige Dekameronen. Han påverka også samtidig politikk, som trudd tenar av kongane Edvard III, Rikard II og Henrik IV.
Geoffrey Chaucer | |
Statsborgarskap | Kongeriket England |
Fødd | 1343 London |
Død |
25. oktober 1400 (57 år) |
Yrke | lingvist, lyrikar, songtekstforfattar, filosof, politikar, omsetjar, astrolog, skribent |
Språk | mellomengelsk |
Sjanger | dikt |
Religion | Den romersk-katolske kyrkja |
Far | John Chaucer |
Mor | Agnes Copton |
Ektefelle | Philippa Roet |
Born | Thomas Chaucer, Elizabeth Chaucer, Lewis Chaucer |
Geoffrey Chaucer på Commons |
Chaucer er ein viktig skikkelse innan engelsk litteratur, som han er blitt kalla far til. Ved å skriva på mellomengelsk i staden for latin eller fransk, synte han at også engelsk daglegtale kunne brukast til lyrikk. Han var ein tidleg brukar av metrikk og enderim frå Fastlands-Europa, som han tilpassa ei engelsk dikting der bokstavrim og korte linjer tidlegare hadde vore vanlege.