Egyptisk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Egyptisk vart talt i Egypt i oldtida og var eit viktig språk i Orienten på den tida. Egyptisk er eit av verdas eldste kjende litteraturspråk. Egyptisk vert rekna med til dei afroasiatiske språka og er dermed i slekt med semittiske språk og fleire andre språk i det nordlege Afrika.
Egyptisk ( | ||||||||
Klassifisering: | Afroasiatisk Egyptisk | |||||||
Bruk | ||||||||
Var tala i: | Egypt | |||||||
Område: | Egypt i oldtida | |||||||
Utdøydd: | Hadde utvikla seg til koptisk kring år 200, språkskifte til arabisk på 1600-talet | |||||||
Skriftsystem: | Hieroglyfskrift, hieratisk og demotisk skrift | |||||||
Språkkodar | ||||||||
ISO 639-2: | egy | |||||||
ISO 639-3: | egy | |||||||
I egyptisk språkhistorie skil ein mellom fleire utviklingsstadium. Gamalegyptisk vart talt i tida under dei eldste dynastia og stammar truleg frå eit uregyptisk språk som var endå eldre. Mellomegyptisk vert datert til så tidleg som 1900-talet f.Kr. Seinegyptisk vert tidfest til tida frå om lag 1100 til 500 f.Kr. Deretter utvikla språket seg til det såkalla demotiske språket, som vart nytta fram til 400 e.Kr. Sidan utvikla språket seg til koptisk, som vart talt fram til 1600-talet, då brukarane gjekk over til å ha arabisk som samfunnsspråk, men koptisk vart halde i hevd som kyrkjespråk.
Til liks med dei semittiske språka vart verba bøygde i aspekt, alt etter om ei handling var avslutta eller uavslutta.