Fred Åkerström
svensk songar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Fred Åkerström (fødd 27. januar 1937 i Stockholm, død 9. august 1985 i Karlskrona), eigentleg Bo Gunnar Åkerström, var ein svensk visesongar og skodespelar. Han voks opp i den dåverande arbeidarbydelen Södermalm i Stockholm. Oppveksten skjedde under svært enkle kår og var prega av eit kjølig forhold til faren. Foreldra skilde seg, og etter dette starta mora ei systove, noko som betra dei økonomiske tilhøva. Fred Åkerstrøm snakka ikkje gjerne om dette som vaksen.
Fred Åkerström | |||
| |||
Fødd | 27. januar 1937 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Stockholm | ||
Død | 9. august 1985 (48 år) | ||
Dødsstad | Karlskrona | ||
Fødenamn | Bo Gunnar Åkerström | ||
Opphav | Sverige | ||
Aktiv | 1963-1985 | ||
Sjanger | Visesong | ||
Instrument | Song Gitar | ||
Verka som | Musikar Songar Låtskrivar | ||
Born | CajsaStina Åkerström |
Fred Åkerstrøm forsørgde seg først med strøjobbar av forskjellig karakter. Han fatta tidleg interesse for visesong etter at han som barn hadde høyrt Ruben Nilson. I byrjinga av 1960-åra hadde Åkerström suksess på «viseprammen» Storken med tolkingar av Ruben Nilson. Han vart oppdaga av Anders Burman i plateselskapet Metronome og kom i 1963 med debutplata Fred Åkerström sjunger Ruben Nilson.