Franske monarkar
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Monarkar av Frankrike er eit oversyn over franske kongar og keisarar sidan Hugo Capet.
Det oppstod eit rike styrt av éin herskar i Gallia då Vestromarriket byrja å falla saman på 400-talet. Dei saliske frankarane blei den leiande stammen i området og under dei blei Frankarriket grunnlagt. Dette blei seinare til Frankrike. Merovingarane blei den herskande ætta over alle frankarane på byrjinga av 500-talet og kom til å herska til midten av 700-talet, då den siste merovingiske kongen blei avsett av Pipin den yngre, som var far til Karl den store. Denne grunnla så den nye kongeslekta karolingarane, som i sin tur kom til å herska over Frankarriket og, etter at det blei delt gjennom traktaten i Verdun i 843, Vestfrankarriket fram til slutten av 900-talet.
I 987 blei Hugo Capet den første kapetingarkongen. Frå dette tidspunktet byrja riket meir å bli sett på som Frankrike snarare enn Det vestfrankiske riket, sidan ein starta å gå bort frå planane om å gjenforeina det med Burgund og Det austfrankiske riket. Sjølv om tittelen «konge av frankarane» offisielt fanst fram til byrjinga av 1200-talet starta han gradvis å bli mindre nytta og standardtittelen blei «konge av Frankrike». Også tittelen «konge av Frankrike og Navarra» blei brukt frå slutten av 1200-talet til byrjinga av 1300-talet og frå slutten av 1500-talet til utbrotet av den franske revolusjonen i 1789. I den korte perioden før Ludvig XVI blei avsett nytta ein tittelen «konge av franskmennene», noko som også tok til igjen etter julirevolusjonen i 1830. Både Napoléon Bonaparte og Napoleon III var keisarar og bar derfor tittelen «keisar av franskmennene».
Med den franske revolusjonen blei det franske kongedømet avskaffa og det blei innført republikk, men etter nokre år gjorde Napoleon Bonaparte seg til keisar og monarkiet blei dermed gjenoppretta på byrjinga av 1800-talet. I 1848 blei Frankrike republikk igjen, men denne ordninga blei avskaffa i 1852. Då blei Napoleon III keisar i landet. Han blei avsett i 1870 og landet blei republikk på nytt, noko det har blitt verande.
I tillegg til dei franske kongane gjorde òg dei engelske regentane krav på den franske trona. I ein kort periode hadde kravet eit visst grunnlag, sidan Karl VI gjennom traktaten i Troyes i 1420 erkjente svigersonen Henrik V av England som fransk regent og tronarvingen sin. Henrik V døydde før Karl VI og derfor etterfølgde sonen hans Henrik VI av England morfaren sin Karl VI som konge av Frankrike. Store delar av Nord-Frankrike var i hendene til engelskmennene til 1435, men i 1453 var engelskmennene blitt drivne bort frå heile Frankrike bortsett frå Calais og Kanaløyane. Dei skulle komma til å behalda Calais i endå 100 år, til 1558.