Flyulukka i Jaroslavl
From Wikipedia, the free encyclopedia
Flyulukka i Jaroslavl fann stad 7. september 2011, då eit Yakovlev 42D passasjerfly på veg til Minsk i Kviterussland styrta nær Jaroslavl i Russland. Flyet hadde heile ishockeylaget frå Lokomotiv Yaroslavl frå Kontinental Hockey League (KHL) ombord som skulle byrje 2011-12 sesongen i KHL.
Kjappe fakta
Flyulukka i Jaroslavl | |
Dato | 7. september 2011 |
Ulukkesstad | Nær Jaroslavl i Russland |
Passasjerar | 37 |
Mannskap | 8 |
Omkomne | 44 |
Overlevande | 1 (2 overlevde styrten, men ein av desse døydde seinare på sjukehus) |
Flytype | Yakovlev 42D |
Operatør | YAK Service |
Registreringsnr. | RA-42434 |
Fyrste flyging | 1993 |
Tok av frå | Tunoshna lufthamn i Jaroslavl oblast i Russland |
Destinasjon | Minsk-1 lufthamn i Minsk i Kviterussland |
Close
Alle spelarane i klubben døydde i ulukka. Flyet tok fyr og styrta kort tid etter at det hadde teke av, vel fire kilometer frå Tunoshna lufthamn. Teknikaren til flyet, Aleksandr B. Sizov, var einaste overlevande.
Spelarane ombord var frå Russland, Kviterussland, Latvia, Tyskland, Tsjekkia, Slovakia og Sverige.