Flygeøgle
From Wikipedia, the free encyclopedia
Flygeøgler (Pterosauria) eller pterosaurar (frå gresk πτεροδάκτυλος, 'finger med venger') var ei gruppe flygande krypdyr som levde i Mesozoikum frå 228 til 65 millionar år sidan. Dei var dei første virveldyra som utvikla evna til aktiv flukt (før både fuglar og flaggermus), men heile 150 millionar år etter at insekta lærte det same.
Flygeøgle | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Krypdyr Reptilia |
Orden: | †Flygeøgle Pterosauria Kaup, 1834 |
Flygeøgler vert ofte nemnd i samband med dinosaurane, men vert ikkje rekna til desse på grunn av trekk i oppbygginga av okleknoklane. Dei hadde likevel ein del fellestrekk; begge gruppene levde på om lag same tid og omfatta til dels særs store dyr.
Flygeøglefossil er relativt sjeldne, sidan dei skjøre knoklane deira hadde vanskeleg med å fossilisera seg. Ein har likevel funne fleire eksemplar frå drygt 60 ulike slekter på alle kontinent unnateke Antarktis.