Finland i mellomalderen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Finsk mellomalderhistorie omfattar eit tidsrom på rundt 500 år frå 1000-talet til 1500-talet, der det finske samfunnet gjennomgjekk store endringar. Blant desse forandringane er innføringa av svensk overhøgd, danninga av ein kyrkjeleg organisasjon, innflyttinga av ein svenskspråkleg folkesetnad i kyststroka og oppdyrking av og busetjing i tidlegare samiske område.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Ved byrjinga av mellomalderen vart Finland mål for krosstog både austfrå og vestfrå, men tre svenske krosstog vart fort dominerande og avgjerande for den vidare utviklinga av landet. Det første av krosstoga skal ha funne stad i andre halvdel av 1150-åra og ha retta seg mot kysten i dei sørvestlegaste delane av dagens Finland, det andre skjedde i 1249. Det var leia av Birger jarl og retta seg imot Tavastland heilt fram til Karelen. Ingen av desse første krosstoga førte til at svenskane fekk fast grep om landet. Eit tredje forsøk fann stad i 1290-åra og resulterte i kampar som varte fram til 1323, då det vart inngått ein fredsavtale mellom Novgorod og Sverige, referert til som Nöteborgstraktaten. Avtalen medførte at Novgorod de facto anerkjende svensk overhøgd over heile Finland. Traktaten hadde ei uavklart og derfor seinare omstridd grense mot nord.
Den svenske kyrkja sette i gang bygging av kyrkjer i heile det dåverande Finland og skipa også eit finsk bispesete i Åbo. I tillegg til kyrkjer vart det oppretta nokre få kloster i landet. Viktigare var det likevel at det òg vart oppretta kjøpstader for å fremje handelen. I tillegg til Åbo var dette òg Ulfsby (Ulvila) ved Kumo älv, Närpes (Närpio), Korsholm (Mustasaari) og Pedersöre (Pietersaari), Raumo, Borgå og Vyborg. Attåt desse kjøpstadene vart det grunnlagt handelsplassar uten privilegium.
Størstedelen av folkesetnaden budde på landet og levde av landbruk, mot vest i landsbyar, mot aust i form av svibruk. Ved kystane både ut mot Bottenvika og Finskebukta og ved innsjøar og elvar spelte fiskeri likeeins ei betydeleg rolle.
Maktpolitisk fekk både kontinuerlege konfliktar mellom Danmark og Sverige i Kalmarunionen og len gjeve til den svenske makteliten tyding for den vedvarande uroa i landet gjennom heile mellomalderen, og etter at Moskva la under seg Novgorod, kom det til nye konfliktar med Russland. Reformasjonen skjedde glidande, men munkane unngjekk ikkje fordriving frå dei finske klostera sine. I 1554 vart det tidlegare samla stiftet delt, og Paul Juusten vart biskop i det nyoppretta Vyborg stift 1554-1563.