Fader vår
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Fader vår» (latin Pater noster) eller «Herrens bøn» er ei av dei mest sentrale kristne bønene; det var denne bøna Jesus lærte disiplane. Ho finst i to ulike versjonar, Matt. 6:9–13[1] og Luk. 11:2–4[2]. Versjonen frå Matteusevangeliet er den som blir nytta mest.
Fadervåret er ein del av Jesu bergpreike. Bøna er vend til «Vår Far i himmelen», og sett saman av sju bøner; tre som gjeld tilhøvet mellom Gud og menneskja, fire som gjeld tilhøvet mellom menneske. Avslutninga («For riket er ditt» o.s.v.) er ikkje med i dei eldste handskriftene, og vart truleg lagd til då bøna vart nytta i gudstenesta. Ho kan vere henta frå ei lovprising som i følgje 1. Krønikebok 29,1 vart nytta av kong David.
I den kristne gudstenesta inngår fadervåret som ein del av liturgien ved dåp og nattverd. Om det ikkje er dåp eller nattverd, vil liturgen avslutte kyrkjebøna med å be «Fader vår». Tekstgrunnlaget kan i Den norske kyrkja vere preiketekst femte sundag etter påske.
I Den norske kyrkja avgjer soknerådet om kyrkjelyden skal nytte omsetjinga frå 1985 eller 2011. Det er også høve til å bruka Fadervår etter 1920-liturgien.[3]