Førdesveten-ulykka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Førdesveten-ulukka var ei flyulykke som hende ved fjellet Førdesveten i Øygarden kommune i Vestland den 6. september 1948. Eit Catalina-fly frå 333. skvadron i Luftforsvaret var på transportoppdrag frå Sola flystasjon til Herdla, då det flaug i tett tåke inn i Førdesveten.[1] Flyet hadde ei besetning på 9,[2] med 6 militære passasjerar med tenesteoppdrag å registrera materiell, tekniske anlegg og operative tilhøve med tanke på ein mogleg nedleggelse av kystfortet nord på Askøy. Berre to personar overlevde ulukka, som var den største ulukka Luftforsvaret til då hadde hatt i fredstid.
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |