Fødselskyrkja
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fødselskyrkja i Betlehem er ei av dei eldste kyrkjene i verda som framleis er i bruk. Kyrkja blei bygd på 300-talet av keisar Konstantin den store over den grotta som etter tradisjonen er peikt ut som fødestaden til som Jesus. Evangelia i Det nye testamentet omtaler ikkje ei grotte som fødestad, men det blir nemnt at barnet blei lagt i ei krybbe, noko som hinter om at det skjedde i ein stall. I området på den tida var det vanleg å bruka grotter som stallplass for husdyr. Allereie innan eitt hundreår hevda Justin martyren og Protoevangeliet etter Jakob at Jesus blei fødd i ei grotte.
Fødselskyrkja | |||
kyrkje | |||
Fødselskyrkja 31.704305555556°N 35.207583333333°E / 31.704305555556; 35.207583333333 | |||
Wikimedia Commons: Church of the Nativity (Bethlehem) | |||
Staden blir rekna som heilag av kristne såvel som av muslimar, og er regulert av status quo-reglane frå osmansk tid. 29. juni 2012 blei ho utnemnd som verdsarvstad, som den fyrste i dei palestinske områda.