Elver i USA
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Elver i USA er ei liste over større elver i USA, inklusive elver som kryssar eller tangerer grensa til Canada, ordna etter kva for eit nedbørsområde dei tilhøyrer og etter lengd. Her er elver med lengder på over 500 km medrekna. Dette omfattar storparten av alle større vassdrag i landet.
Elvene i USA omfattar nokre av dei lengste vassdraga i verda. Den geologiske historia til landet har skapt eit stort mangfald av landskaps- og elvetypar. Det geologiske stabile sentralområdet vert dominert heilt av Mississippibekkenet, som med nedbørsfeltet sitt på 3,2 millionar km² drenerer ein tredel av arealet i landet. Tek ein med elvene som renn ut i Mexicogolfen, inklusive elvene i Texas, utgjer dette sørvendte nedbørsområdet meir enn halve arealet til USA. Bekkenet er flatt og prega av lausmassar som er lagt opp og vaska ut av elvene, fallhøgda er låg og gjev lite potensial for vasskraft.
På austkysten vert landskapet prega av den kaledonske fjellkjedefoldinga, der det laurentiske kontinentet støytte saman med dagens Nord-Europa og skapte tette foldestrukturar som går frå sørvest til nordaust. Foldinga styrer retninga til elveløpa, og elvene er korte. I nordaust utgjer St. Lawrence-bekkenet eit unntak frå dei geologiske hovudmønstra. Dette austgåande vassdraget oppstod då enorme mengder smeltevatn i Lake Agassiz braut igjennom dei smeltande ismassene under yngre dryas for snart 13 000 år sidan, og grov seg ut til Nord-Atlanteren. Forutan å kjøla ned klimaet i verda og forstyrra Golfstraumen, skapte hendinga St. Lawrence-elva med eit av verdas yngste, men stabile nedbørsområde på dryge 1 million km².
I vest ligg eit av dei største høglanda i verda mellom Rocky Mountains og Sierra Nevada, med rom for lange, men ganske vassfattige elver med store nedbørfelt. Dei store høgdeskilnadene skapar her store potensiale for vasskraft, som ein ikkje ser andre stadar i landet. Dei nordgåande elvene til Hudsonbukta ligg i det alt vesentlege på canadisk side av grensa.