Ekstratropisk syklon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein ekstratropisk syklon eller ekstratropisk lågtrykk er det som me på våre breiddegrader kjenner som eit lågtrykk. Dette er eit lågtrykk på synoptisk skala som skil seg frå lågtrykkssystem som oppstår i tropiske og polare strøk ved at dei er knytte opp til vêrfrontar og horisontale temperaturgradientar i område kjend som barokline soner.
«Ekstratropisk» betyr her at denne syklontypen oppstår utanfor tropane på midlare breidder. I visse tilfelle kan ekstratropiske lågtrykk bli danna ved at tropiske syklonar flyttar seg opp på midlare breidder og blir omdanna. Desse ekstratropiske lågtrykka, i lag med antisyklonar (eller høgtrykk) utgjer vêret dei fleste stader på jorda.
Sjølv om ekstratropiske syklonar nesten alltid blir klassifisert som barokline, sidan dei blir danna langs temperaturgradientar, kan dei av og til bli barotrope seint i livssyklusen når temperaturfordelinga rundt syklonen meir eller mindre blir jamnt fordelt med radiusen.