EU-domstolen
From Wikipedia, the free encyclopedia
EU-domstolen eller Den europeiske unions domstol er det høgaste organet for den dømande makta i Den europeiske unionen. Han har sete i Luxembourg. Domstolen har fleire funksjonar. Han er ein forfatningsdomstol som har i oppgåve å tolka EU-lovgjevinga for å sikra at ho blir tolka likt i alle landa ho gjeld i. Vidare er han ein forvaltningsdomstol som kan prøva om EU-organ har gjort lovlege vedtak i enkeltsaker, domstol for skilsdom og sivil domstol for privatpersonar, verksemder og organisasjonar som meiner rettane deira er krenka av ein EU-institusjon, eller at EU-vedtak som direkte gjeld dei er ugyldige.
- Må ikkje forvekslast med Domstolen i Den europeiske unionen eller Den europeiske menneskerettsdomstolen.
Kjappe fakta Skipa, Hovudkontor ...
EU-domstolen | |||
| |||
Skipa | 1952 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Palais de la Cour de Justice | ||
Nettstad | https://curia.europa.eu/ |
Close