Didymótikho
From Wikipedia, the free encyclopedia
Didymótikho (gresk Διδυμότειχο) er ein by aust i periferieininga Évros i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas.
Didymótikho Lokalt namn Διδυμότειχο | |
---|---|
Utsyn over byen frå borga | |
Geografi | |
Stad | Thráki |
Koordinatar | 41°21′N 26°30′E |
Areal | 569,5 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Aust-Makedonía og Thráki Évros |
Hovudsete | Didymótikho (8 611 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 16 060 (2021[1]) |
Folketettleik | 28,2 /km² |
Han er sete i kommunen med same namn, og ligg kring 12 km frå Tyrkia på vestsida av elva Évros (Maritsa). Han er den austlegaste kommunen på det greske fastlandet. I vest er mykje av landskapet fjellendt og skogkledd, medan det er jordbruksområde i sentrale og nordlege delar. Det går ei jernbanelinje frå Thessaloníki til Istanbul gjennom kommunen og det same gjer den greske vegen 51 (Alexandroúpoli - Orestiáda - Edirne i Tyrkia og Svilengrad i Bulgaria). Byen har vel 9 000 innbyggjarar og ligg på ei slette søraust for Svilengrad, sør for Edirne, Tyrkia og Orestiáda, vest for Uzunköprü, om lag 20 km nord for Souflí og om lag 90 km nord for Alexandroúpoli. Dei største andre busetnadane i kommunen er Lagós, Koufóvouno, Sofikó, Ellinokhóri og Karotí.