Det nederlandske austindiakompaniet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Det nederlandske austindiakompaniet (nederlandsk Vereenigde Oostindische Compagnie, forkorta VOC) var eit nederlandsk selskap stifta 20. mars 1602 da det vart tildelt monopol på koloniverksemd i Asia av Generalstatane. Det var det første multinasjonale selskapet i verda og det var det første selskapet som trykte aksjer. Det var viktig i handelen i nesten to hundreår før det gjekk konkurs og vart oppløyst i 1798. Selskapet hadde rett til å gå til krig, stifte koloniar og inngå avtalar med asiatiske herskarar.
VOC bestod av seks kammer (Kamers) i Amsterdam, Middelburg (for Zeeland), Enkhuizen, Delft, Hoorn og Rotterdam. Delegatar frå desse kammera samla seg som Heeren XVII (dei sytten herrane).
Til rådet Heeren XVII vart åtte delegatar sendt frå kammeret i Amsterdam, fire frå Zeeland, og ein frå kvart av dei mindre kammera. Amsterdam hadde derfor ei viktig røyst i rådet. Zeelandarane var særleg mistenksame i oppstarten av VOC på grunn av dominansen frå Amsterdam. Frykta var ikkje ugrunna sidan det i praksis var kammeret i Amsterdam som staka ut kursen for selskapet.
Dei seks kammera skaffa startkapitalen for det nederlandske austindiakompaniet:
Kammer | Kapital (Gylden) |
---|---|
Amsterdam | 3 679 915 |
Zeeland | 1 300 405 |
Enkhuizen | 540 000 |
Delft | 469 400 |
Hoorn | 266 868 |
Rotterdam | 173 000 |
Totalt: | 6 424 588 |