Det joniske havet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Det joniske havet (albansk Deti Jon (som tyder «vårt hav»), gresk Ιόνιο Πέλαγος, Iónio Pélagos, italiensk Mare Ionio) er ein arm av Middelhavet, sør for Adriahavet. Området er avgrensa av dei sørlege områda av Italia, inkludert Calabria, Sicilia og Salento-halvøya i vest, og av Albania og fleire greske øyar i aust, inkludert Kérkyra, Levkáda, Kefaloniá, Itháki og Zákynthos. Desse øyane vert kalla Dei joniske øyane. Andre øyar er mellom anna Strofádes, Sfaktiría, Skhíza, Sapiéndza og Kýthira. Havet er eit av dei mest seismisk aktive i verda.
Det går ferjeruter mellom Pátra i Hellas og Brindisi og Ancona i Italia i den nordlege delen av havet, i tillegg til skipsfart til Pireus.