Den svenske antarktisekspedisjonen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den svenske antarktisekspedisjonen 1901–03 under leiing av Otto Nordenskjöld var den første svenske ekspedisjonen til Antarktis. Det var òg ein av dei første vitskaplege ekspedisjonane til det då for det meste uutforska kontinentet. Trass i at ekspedisjonen var spekka med strabasiøse opplevingar og problem, fekk han eit vellukka utfall og medverka til stor vitskapleg framgang.