Hæren
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hæren er den største av fire forsvarsgreiner i det norske forsvaret, med om lag 9000 soldatar. Hæren er også den eldste militære greina i Noreg, som vart offisielt grunnlagt i vinteren 1628 av kong Christian IV.[2] Hæren har hovudansvaret for suverenitet over det norske landterritoriet. Geografisk sett er Hæren plassert i nord og sør. I nord har Hæren sin hovudstyrke, Brigade Nord, i Sør-Troms og grensevakt i Aust-Finnmark. I sør har Hæren ein hovudstyrke ved Østerdalen garnison og i Oslo, med ei rekke ulike avdelingar.[1] Den største og viktigaste avdelinga til Hæren er Brigade Nord, med om lag 5000 soldatar.[3][4] Hovudoppgåva er først og fremst å sikra eit statleg landforsvar for Noreg. Hæren skal òg bidra til Forsvarets krigsførebyggande rolle og krisehandtering gjennom å forhindra og motstå militære åtak. Ved krig, konfliktar, krisar eller eventuelle katastrofar skal Hæren sikra mottak av og samvirka saman med allierte styrkar i gjenopprettinga av territoriell integritet.[1]
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå hær.
Hæren | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1628[1]–no | ||
Grein | Hæren | ||
Rolle | Armé | ||
Storleik | 8 800 soldatar og offiserar | ||
Garnison/HK | Bardufoss |