Den arabiske halvøya
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den arabiske halvøya (arabisk شبه الجزيرة العربية šibh al-jazīra al-ʻarabīya) eller berre Arabia er ei ørkendekt halvøy i Sørvest-Asia, mellom Afrika og resten av Asia. Området er ein viktig del av Midtausten og spelar ei særs viktig geopolitisk rolle med store førekomstar av olje og naturgass. I 2008 var det om lag 70 millionar innbyggjarar på Den arabiske halvøya.
Vest for halvøya ligg Raudehavet og Aqababukta, i søraust ligg Arabiahavet (ein del av Indiahavet) og i nordaust Omanbukta, Hormuzsundet og Persiabukta.
I nord grensar halvøya til den iranske og irakisk fjellkjeda Zagros, eit område med kontinental heving der den arabiske jordskorpeplata møter den asiatiske. Ho glir over i Den syriske ørkenen utan klåre skiljeliner.