David Garrick
britisk skodespelar / From Wikipedia, the free encyclopedia
David Garrick (19. februar 1717–20. januar 1779) var ein engelsk skodespelar, skodespelforfattar, teatersjef og teaterprodusent. Han hadde innverknad på nesten alt som hadde med skodespel å gjera i England på 1700-talet, han var òg venn og elev av Samuel Johnson. Han verka fyrst innan amatørteater, og det var ikkje før han hadde hovudrolla i Shakespeare sitt drama Richard III at publikum fatta merksemd for talentet til skodespelaren.
Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
David Garrick | |||
| |||
Fødd | 19. februar 1717 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hereford | ||
Død | 20. januar 1779 (61 år) | ||
Dødsstad | London | ||
Verka som | skodespelforfattar, teaterprodusent, skribent, manusforfattar, teaterskodespelar, skodespelar | ||
Ektefelle | Eva Marie Veigel |
Close
Med suksessen frå Richard III og mange andre roller blei Garrick engasjert av Charles Fleetwood på Theatre Royal Drury Lane. Han arbeidde for Drury Lane-selskapet i fem år.