Costa Blanca
From Wikipedia, the free encyclopedia
Costa Blanca (tyder «Kvitekysten») er namnet på ei over 200 kilometer lang kystlinje i provinsen Alicante i Spania. Namnet vart skapt av BEA då dei starta flyrute mellom London og Valencia i 1957. Kystområdet har ein velutvikla turistindustri og er ein populær turistdestinasjon i Europa. Kyststripa strekkjer seg frå byen Denia i nord til Torrevieja i sør. Nord for Denia ligg Costa dels Tarongers og sør for Torrevieja ligg Costa Calida. Dei største turistdestinasjonane på Costa Blanca er Benidorm og Alicante.