Carcassonne
From Wikipedia, the free encyclopedia
Carcassonne (oksitansk Carcassona) er ein festningsby sør i Frankrike i regionen Languedoc-Roussillon, i den historiske provinsen Languedoc. Byen er òg préfecture (administrasjonssentrum) i departementet Aude.
- Sjå og: Brettspelet Carcassonne
Meir informasjon Styresmakter, Land Region Departement ...
Carcassonne | ||
---|---|---|
| ||
Styresmakter | ||
Land Region Departement |
Frankrike Languedoc-Roussillon Aude | |
Geografi | ||
Flatevidd | 65,08 km² | |
Flatevidd - By |
65,08 km² | |
Innbyggjarar - By (1999) |
43 950 | |
Koordinatar | 43°12′24″N 02°21′50″E | |
Høgd over havet | 111 m | |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: http://www.carcassonne.org | ||
Nettstad: www.carcassonne.org | ||
Plassering | ||
Close
Han er delt i to av elva Aude. På høgre breidda av elva ligg den øvre festninga Cité de Carcassonne med mellomalderbusetnad og doble bymurar som gjev eit bilete av festningskunsten heilt frå 500-talet til 1300-talet. Festningsbyen i Carcassonne vart sett på UNESCO si verdsarvliste i 1997. Den nedre bydelen på venstre breidd, Bastide Saint-Louis eller Ville Basse (nedre by), har størst folkesetnad og er den delen som veks mest. Dei to bydelane er forbunde med to bruer, Pont Vieux og Pont Neuf.