Bucaramanga
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bucaramanga er hovudstaden i Santander-departementet i Colombia. Bucaramanga har den femte største økonomien ved BNP i Colombia, har lågaste arbeidsløysa, og har den åttande største folkesetnaden i landet, med ca. 530 000 innbyggjarar. Bucaramanga har over 160 parkar spreidd over heile byen, og har fått kallenamnet 'La Ciudad de Los Parques', parkbyen.
Bucaramanga | ||
---|---|---|
| ||
Styresmakter | ||
Land | Colombia | |
Mayor | Luis Francisco Bohorquez | |
Geografi | ||
Flatevidd | 162 km² | |
Flatevidd - By |
165 km² | |
Innbyggjarar - By (2005) - Storbyområde |
530 900 1 212 657 | |
Koordinatar | 7°7′7″N 73°6′58″W | |
Høgd over havet | 959 m | |
Tidssone | EST (UTC-5) (UTC) | |
Diverse anna | ||
Postnummer | 680001-680011 | |
Telefon-retningsnummer | 57 + 7 | |
Heimeside: http://www.bucaramanga.gov.co | ||
Nettstad: www.bucaramanga.gov.co | ||
Plassering | ||
Frå 1960-talet voks byen mykje, for det meste inn i nabokommunane i hovedstadsområdet. Kommunane Floridablanca, Girón and Piedecuesta er uløyseleg knytt saman geografisk og kommersielt med Bucaramanga, saman utgjer dei Bucaramanga hovedstadsområde i Colombia med 1 276 329 innbyggjarar.
Byen er sete for teknologiske forskingssentre i ulike fagområde som energi, petroleum, korrosjon, asfalt, lær og agroindustri, dette inkluderer forskingsføretaket til det colombianske oljeselskapet Ecopetrol og gasselskapet Ecogas. Fottøyproduksjon er ein viktig del av industrien, i 2005 gjorde industri 16,5 % av alle bedrifter i Bucaramanga, og handel meir enn 50 %. Bucaramanga har posisjonert seg som kongressarrangør, og har infrastruktur som messe- og utstillingssenter.