Brukar:Ranveig/Guyana
From Wikipedia, the free encyclopedia
Guyana, offisielt kalla Den kooperative republikk Guyana og tidlegare kjent som Britisk Guiana/Guyana, er eit land nordaust i Sør-Amerika med kyst mot Atlanterhavet. Guyana har tidlegare vore nederlandsk koloni og var i over 200 år ein britisk koloni. Landet er medlem av Caribbean Community (CARICOM), som har hovudkvarter i hovudstaden i Guyana, Georgetown. Landet er det einaste landet i Samveldet som ligg på fastlandet i Sør-Amerika, og det grensar til Brasil, Surinam og Venezuela. Surinam gjer krav på å overta område i austre Guyana, og Venezuela på område i vestre. Guyana erklærte sjølvstene frå Storbritannia 26. mai 1966 og blei ein republikk 23. februar 1970.
Med ein flatevidd på 215 000 km² er Guyana det tredje minste landet på det søramerikanske fastlandet (etter Uruguay og Surinam). Guyana har ca. 770 000 innbyggjarar. Guyana er eit av fire land i Sør-Amerika som ikkje er spanskspråkleg, saman med Brasil (portugisisk), Fransk Guyana (fransk) og Surinam (nederlandsk).