Brukar:Ranveig/Chile
From Wikipedia, the free encyclopedia
Chile, offisielle Republikken Chile (spansk: República de Chile), er eit av landa som vert rekna til Den sørlege kjegla i Sør-Amerika. Chile dekkjer ei lang, smal kyststripe mellom Andesfjella i aust og Stillehavet i vest. Det grensar til Peru i nord, Bolivia i nordaust, Argentina i aust, og Drakesundet i sør. Saman med Ecuador er det eitt av to land i Sør-Amerika som ikkje grensar til Brasil. Stillehavskysten til Chile er 6 435 km lang. Chilensk territorium omfattar òg Påskeøya og stillehavsøyene Juan Fernández, Isla Sala y Gómez og Desventuradas. Chile hevdar òg 1 250 000 kvadratkilometer av Antarktis, sjølv om alle krav er suspenderte under Antarktistraktaten.
Forma på Chile er eit særprega band av land 4 300 kilometer langt og i gjennomsnitt 175 kilometer vidt. Klimaet varierer; alt frå den tørraste ørkenen i verda – Atacama – i nord, via middelhavsklima i midtre deler, til eit regnfullt temperert klima i sør. Den nordlege ørkenen inneheld ein stor mineralrikdom, hovudsakleg kobbar. Det relativt vesle sentrale området dominerer i tilhøve til folkesetnad og jordbruksressursar, og er landet sitt kulturelle og politiske sentrum. Sør-Chile er rikt på skog og beiteområde, og det har ei rekkje vulkanar og innsjøar. Den sørlege kysten er ein labyrint av fjordar, vikar, kanalar, halvøyar og øyar.
Før spanjolane kom til området på 1500-talet var norddelen av dagens Chile under Inkastyre medan mapuchefolk heldt til i sentrale og sørlege Chile. Landa erklærte sjølvstende frå Spania 12. februar 1818. I «salpeterkrigen» (1879–1883), slo Chile Peru og Bolivia, og vann detnoverande nordlege territoriet sitt. Sjølv om landet har halde seg relativt fritt for statskupp og vilkårlege regjeringar samanlikna med andre land i Sør-Amerika, hadde Chile eit 17 år langt militærdiktatur (1973–1990) under Augusto Pinochet som etterlét meir enn 3000 menneske døydde eller sakna.
I dag er Chile ein av dei mest stabile og velståande nasjonane i Sør-Amerika, og ei anerkjend middels makt. Det er leiande blant latinamerikanske land i menneskeleg utvikling, konkurranseevne, inntekt per innbyggjar, globalisering, økonomisk fridom og lågt korrupsjonsnivå. Det rangerer òg høgt regionalt i pressefridom og demokratisk utvikling. Men det har stor økonomisk ulikskap etter Gini-indeksen. I mai 2010 blei Chile det første søramerikanske landet til å bli med i OECD. Chile er ein av grunnleggjarane av både SN og Unionen av søramerikanske nasjonar.