Brukar:Ranveig/By
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein by er eit tettbygd, meir eller mindre avgrensa geografisk område av ein viss storleik og/eller viktigheit. Karakteristiske trekk for ein by er tett busetnad, høvesvis stor folkesetnad, eit næringsliv dominert av handel, handverk og administrasjon, avgrensa vekt på jordbruk og sentral plassering med omsyn til kommunikasjonsårene i eit samfunn. Å gje ein allmenngyldig definisjon av omgrepet by er likevel vanskeleg, fordi definisjonen varierer frå land til land, og funksjonen i byane har endra karakter gjennom historia. I Noreg omtalar ein ofte byliknande strøk og tettstader som sentrum for ein kommune – juridisk var norske byar tidlegare definert som bykommunar i motsetnad til landkommunar.