Brukar:Eirik/Den industrielle revolusjonen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den industrielle revolusjonen var ein periode i siste halvdel av 1700-tallet og fyrste halvdel av 1800-tallet der store endringar innanfor mellom anna vareproduksjon, landbruk, handel, gruvedrift og transport hadde ein djuptgåande verknad på sosialøkonomiske og kulturelle forhold i Storbritannia. Endringane spreidde seg seinare til heile Europa, til Nord-Amerika, og til slutt til resten av verda. Den industrielle revolusjonen kan seiast å vere inngangen til det moderne samfunnet, for med tida førde han til endring på nesten alle område i dagleglivet til menneska.
Frå 1750 og utover byrja det å skje forandringar i delar av den britiske økonomien i retning av maskinbasert produksjonsindustri. Fram til då hadde han vore basert på manuelt arbeid og trekkdyr, i tillegg til noko bruk av vasskraft og vindkraft. Det byrja med mekaniseringa av tekstilindustrien, utvikling av nye teknologiar til framstilling av jern og ein auka bruk av raffinert kol. Utviklinga av handelen vart gjort mogleg ved bygging av kanalar, forbetra vegar og jernbaner. Overgangen til bruk av dampmaskiner som hovudsakleg var drivne av kol, samt større bruk av vasskraft, vindkraft og andre nye maskiner, førde til ein svært stor auke i produksjonskapasiteten.[1] Denne effekten spreidde seg vidare utover verda på 1800-talet, slik at den fyrste industrielle revolusjonen, som altså byrja på midten av 1700-tallet, heldt fram over i den andre industrielle revolusjonen omkring 1850, der dei teknologiske og økonomiske fremstega skaut fart med utviklinga av dampdrivne skip og jernbaner, og seinare på 1800-talet bensinmotorar og elektrisitet.
Æra for å gjere omgrepet «industriell revolusjon» utbreidd kan tilskrivast Arnold Toynbee, som i eit føredrag i 1881 gav ein detaljert gjennomgang av han. Men den tidlegast kjende bruken av uttrykket er ifølgje historikaren David Landes eit brev frå 6. juli 1799 av den franske utsendingen Louis-Guillaume Otto.[2] I byrjinga gjaldt det berre dei teknologiske endringane, men etter kvart har det vorte utvida til å gjelde alt som i den nemnde perioden var med på å endre det sivile samfunnet. Nokre historikarar frå 1900-talet, slik som John Clapham og Nicholas Crafts, har hevda at prosessen med økonomiske og sosiale forandringar gjekk føre seg gradvis, og at omgrepet revolusjon difor er upresist i denne samanhengen.[3][4]