Brassband
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit brassband er eit musikkorps med messinginstrument og slagverk. I Storbritannia er det sterke tradisjonar for brassband, medan det i kontinental-Europa er meir vanleg med janitsjarkorps.
Dei fyrste moderne brassbanda oppstod tidleg på 1800-talet i Preussen, då alle militære og statlege musikkorps vart utstyrt med nye instrument med roterande ventilar, og vart pålagde å nytte standardstemming (ei sams referansefrekvens for alle korps). Dette førte til at musikarane lettare kunne spele med andre, og gjorde det òg mogleg å slå saman små grupper til større korps.