Brandenburgkonsertane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Brandenburgkonsertane er ei gruppe på seks konsertar av Johann Sebastian Bach (BWV 1046-1051), som vart komponert mellom 1718 og 1721, medan Bach var kapellmeister i Köthen.
Under eit besøk i Berlin vinteren mellom 1718 og 1719, der Bach skulle hente ein cembalo for hoffet i Köthen, spelte han for markgreve Christian Ludwig av Brandenburg. Markgreven bad han om å sende han nokre av komposisjonane sine. Først i 1721 sende Bach han dei seks konsertane med ein utførleg tileigning på fransk under tittelen Six Concerts avec plusieurs instruments, som tyder «seks konserter med fleire instrument». Med unntak av den første konserten var alle nøyaktig tilpassa orkesteret i Köthen, markgreven sitt eige orkester i Brandenburg var nok i alle fall for lite til å oppføre verka.
Namnet «Brandenburgkonsertene» fekk konsertane først seinare. Musikkvitaren Philipp Spitta publiserte i 1873-79 ein stor Bach-biografi der han brukte dette namnet, som sidan slo igjennom.