Bologna
kommune i Italia / From Wikipedia, the free encyclopedia
Bologna (uttale [boˈloɲɲa], Høyr) er ein universitetsby nord i Italia. Han er hovudstad i provinsen Bologna og i regionen Emilia-Romagna, og har rundt 387 057 innbyggjarar (2016). Han ligg på Posletta mellom elva Po og fjella Appenninane, om lag midt mellom Verona og Firenze og midt mellom elvane Reno og Sàvena.
Bologna | ||
---|---|---|
Utsyn over Bologna. | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land Region Provins |
Italia Emilia-Romagna Bologna | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
140,73 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2016) - folketettleik |
387 057 2750/km² | |
Koordinatar | 44°30′N 11°21′E | |
Høgd over havet | 54 m | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 40100 | |
Telefon-retningsnummer | 0 51 | |
Nettstad: www.comune.bologna.it |
Byen har tilnamnet la grassa ('den feite'), noko som viser til dei lokale mattradisjonane. La rossa ('den raude') er eit anna tilnamn som anten skal visa til fargen på fasadane i byen, i kontrast til 'den kvite' Firenze, eller til den venstreorienterte politikken mange innbyggjarar støtter.
Universitetet i Bologna, eit av dei eldste universiteta i verda, vart oppretta i 1088 og er rekna som vogga til den moderne rettsvitskapen. Nokre kjende professorar frå dette universitetet er Romano Prodi, statsminister i Italia, og forfattaren og filosofen Umberto Eco.