Bergknappslekta
planteslekt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Bergknappslekta er ei planteslekt i bergknappfamilien. I Noreg veks fjorten artar. Seks av desse er forvilla frå hagar. Rosenrot (s. rosea) vert iblant ikkje rekna til Sedum.
Bergknappslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Sildreordenen Saxifragales |
Familie: | Bergknappfamilien Crassulaceae |
Underfamilie: | Sempervivoideae |
Stamme: | Sedeae |
Slekt: | Bergknappslekta Sedum L., 1753 |
Medlemene i bergknappslekta er fleirårige plantar med tjukke blad. Dei har oftast ti mjølberarar og fem skolmkapslar. S. spurium og villosum er lodne, dei andre er snaue. Plantane veks på turre stader, så nær som villosum.