Benediktinarordenen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Benediktinarordenen er ein katolsk klosterorden som reknar den heilage Benedikt frå Nursia (som skal ha levd frå 480 til 547) som sin grunnleggar. Sjølv om den heilage Benedikt frå Nursia nok aldri skipa ein munkeorden, skal det ha vore han som skreiv Benedikts regel, sjølve grunnlaget for læra og praksisen til benediktinarordenen. Benediktinarmunkane vart også kalla svartmunkar på grunn av den svarte munkehabitten.