Arktisk klima
From Wikipedia, the free encyclopedia
Arktisk klima er kjenneteikna ved at ein ikkje har varme somrar, og det vil seie at middeltemperaturen til den varmaste månaden aldri kjem over 10 °C. Ein har to forskjellige arktiske klima. Det minst harde av dei er tundraklimaet, der minst ein månad har middeltemperatur over 0 °C, medan den andre vert kalla «iskalottklima» eller permafrostklima, som har middeltemperaturar under 0 °C heile året. Arktisk klima er så pass kaldt at ein ikkje har trevekst i slike område, som ofte er dekte av isbrear og permanent isdekke.