Anser
slekt av andefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Anser er ei biologisk slekt av åtte artar «grå gjæser», vassfuglar i andefamilien Anatidae. Slekta har ein holarktisk distribusjon, med minst éin art hekkar i eit ope, vått habitat i subarktiske og kjølige tempererte strøk på den nordlege halvkula om sommaren. Nokre hekkar òg vidare sørover, og inn i varme tempererte regionar. De fleste trekkjer sørover om vinteren, vanlegvis til regionane i den tempererte sona.
Anser | |
Grågås Foto: Oli Bac | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Overfamilie: | Anatoidea |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Underfamilie: | Anserinae |
Stamme: | Gås Anserini |
Slekt: | Anser Brisson, 1760 |
Artane i slekta varierer i storleik frå den største, sædgås, på opptil 88 cm, og den minste, dverggås, på 54 til 66 cm. Alle har bein og føter som er rosa eller oransje, og nebb som er rosa, oransje eller svart. Alle har kvite under og øvre haledekkfjører, og fleire har ei viss grad av kvitt på hovudet. Halsen, kroppen og vengene er grå eller brune, med svarte eller gråsvarte handsvingfjører og ofte òg armsvingfjører. Dei nært nærskylde gjæsene i slekta Branta er ulike ved å ha svarte bein, og generelt mørkare fjørdrakt.