Angela Burdett-Coutts
From Wikipedia, the free encyclopedia
Angela Georgina Burdett-Coutts, Baroness Burdett-Coutts (21. april 1814–30. desember 1906), fødd Angela Georgina Burdett, var ein engelsk velgjerar og ei av dei rikaste kvinnene i Storbritannia i viktoriatida. Gjennom eit langt liv støtta ho ei rekkje veldedige føremål innan utdanning, helsevesen, økonomisk utvikling og religion, gav hjelp til fattige og naudstilte og reiste fleire bygningar og minnesmerke.
Kjappe fakta
Angela Burdett-Coutts | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 21. april 1814 London |
Død |
30. desember 1906 (92 år) |
Yrke | velgjerar |
Språk | engelsk |
Far | Francis Burdett |
Mor | Sophia, Lady Burdett |
Ektefelle | William Burdett-Coutts |
Angela Burdett-Coutts på Commons |
Close