Andrew Fisher
australsk diplomat og politikar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Andrew Fisher (fødd 29. august 1862 i Skottland død 22. oktober 1928 i London, daud 22. oktober 1928 i London), også kjend som Andy Fisher, var ein britisk-australsk arbeidarpartipolitikar som var statsminister i Australia ved tre ulike høve frå 1908 til 1915. Fisher tente òg som australsk høgkommisær i Storbritannia.
Andrew Fisher | |||
| |||
Fødd | 29. august 1862 Crosshouse | ||
---|---|---|---|
Død | 22. oktober 1928 (66 år) | ||
Statsborgar av | Australia | ||
Yrke | politikar, diplomat, fagforeiningsleiar | ||
Mor | Jane Garvin | ||
Far | Robert Fisher | ||
Ektefelle | Margaret Fisher | ||
Alle verv |
|
Fisher hadde sin første statsministerperiode frå 13. november 1908 til 2. juni 1909. Den andre perioden varte frå 29. april 1910 til 24. juni 1913, og var første gonge eit arbeidarparti hadde majoriteten i eit land, første gongen Australia hadde ei føderalt fleirtalsregjering og første gongen det australske senatet hadde eit majoritetsparti. Fisher sin tredje og siste statsministrperiode byrja 17. september 1914 og enda 27. oktober 1915.