André Gide
From Wikipedia, the free encyclopedia
André Gide (22. november 1869–19. februar 1951) var ein fransk forfattar og nobelprisvinnar.
André Gide | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 22. november 1869 Paris |
Død |
19. februar 1951 (81 år) |
Yrke | journalist, filmprodusent, essayist, skodespelforfattar, romanforfattar, dagbokskrivar, reiseforfattar, omsetjar, sjølvbiograf, skribent, prosaforfatter, manusforfattar |
Språk | fransk |
Sjanger | roman, prosa, dramaturgi |
Medlem av | Décades de Pontigny, comité de lecture des éditions Gallimard |
Far | Paul Gide |
Mor | Juliette Gide |
Ektefelle | Madeleine Gide |
Born | Catherine Gide |
André Gide på Commons |
Gide hadde ein streng religiøs oppvekst. Spenninga mellom asketisme og livsnyting vart eit grunndrag i André Gides produksjon. Han debuterte i 1891 med Les cahiers d'André Walter. Hans sjølvbiografi frå 1946 og hans dagbøker (utgitt i 1939, 1942 og 1950) gir innblikk i Gides kompliserte personlegdom. I 1947 vart han tildelt Nobelprisen i litteratur med følgjande grunngiving: «för hans vittomfattande och konstnärligt betydelsefulla författarskap, i vilket mänsklighetens frågor och villkor ha framställts med oförskräckt sanningskärlek och psykologisk skarpsyn».
Gide var brorson til nasjonaløkonomen Charles Gide. I 1895 gifta han seg med Madeleine Rondeaux. På grunn av si homoseksuelle legning levde dei aldri i eit fullbyrda ekteskap.