Ana Néri
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ana Justina Ferreira Néri eller Nery (13. desember 1814–20. mai 1880) var ein brasiliansk sjukepleiepioner. Ho er best kjend for det frivillige arbeidet ho gjorde under Trippelalliansekrigen. Néri var samtidig med Florence Nightingale, og har mange likskapar med den britiske sjukepleiepioneren. Begge kom frå gode familiar, hadde eigne middel, og brukte desse til å utvikla sjukepleien under krigar.[1]
Kjappe fakta
Ana Néri | |
Statsborgarskap | Brasil |
Fødd | 13. desember 1814 Cachoeira |
Død |
20. mai 1880 (65 år) |
Yrke | military nurse, sjukepleiar |
Språk | portugisisk |
Ana Néri på Commons |
Close