Alexander Roslin
From Wikipedia, the free encyclopedia
Alexander Roslin (15. juli 1718–5. juli 1793) var ein svensk portrettmålar fødd i Malmö. Frå 1750-talet arbeidde han hovudsakleg i Paris, der han også døydde.
Alexander Roslin | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 15. juli 1718 Malmö S:t Petri församling |
Død |
5. juli 1793 (74 år) |
Yrke | kunstmålar, portraitist, biletkunstnar |
Sjanger | portrett |
Medlem av | Académie royale de peinture et de sculpture, Det kongelege svenske kunstakademiet, Accademia delle Arti del Disegno |
Ektefelle | Marie-Suzanne Roslin |
Born | Joseph Alexandre Roslin |
Alexander Roslin på Commons |
I Paris fekk Roslin eit stort rykte, og vart innvald i det franske kunstakademiet. Dei tidlege portretta hans er utførte i lyse og svale fargar og viser innflytnad frå Jean-Marc Nattier, til dømes portrettet Friherrinnan de Neubourg-Cromière (1756). På 1760-talet kan ein merke tendensar til formstrengare og fargekraftigare måleri, til dømes portrettet av hustrua, Damen med slöjan (1768), og Familjen Jennings (1769).
Roslin var framfor alt ein meisterleg skildrar av stoff og karnasjon men kunne også måle psykologiskt inntrengande portrett. Han viste ei blanding av lydhøyre for smaken på den tida og skikkeleg måling. Denne kombinasjonen gjorde stor lukke i det parisiske aristokratiet.
Han gifta seg i 1759 med Marie-Suzanne Giroust.