Aleksander Berkman
From Wikipedia, the free encyclopedia
Aleksander Berkman (21. november 1870–28. juni 1936) var ein russisk-amerikansk anarkist og forfattar.
Aleksander Berkman | |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Sovjetunionen, ingen verdi, USA |
Fødd | 21. november 1870 Vilnius |
Død |
28. juni 1936 (65 år) |
Yrke | typograf, skribent, journalist, fredsaktivist, sjølvbiograf |
Religion | ateisme |
Aleksander Berkman på Commons |
Berkman var fødd i Vilnius i Litauen son av ein jødisk forretningsmann. Han emigrerte til USA frå Russland i 1888 og vart deportert i 1919 frå USA til Russland, som han fór ifrå to år seinare, levde dei siste to tiåra av livet sitt som flyktning i Riga, Stockholm, Berlin, Paris og Nice, der han døydde.
Han hadde i sine 31 år i USA gjort seg kjend som stridbar politisk agitator og vart sedd som eit samfunnsfarleg individ. Drygt helvta av sine år i USA sat Berkman i fengsel; første gongen mellom 1892-1906 etter eit mislykka attentat mot ein bedriftsleiar, andre gongen 1917-1919 for antimilitaristisk propaganda. Han var livskamerat med Emma Goldman, som han delte mykje av lagnaden med.