Agni
From Wikipedia, the free encyclopedia
Agni er ein gammal vedisk gud, personleggjeringa av elden, som framleis blir tilbeden innan hinduismen. Namnet tyder eld, og har samband med orda for eld på latin, ignis og russisk, ogon. Fordi elden blir tend på ny kvar dag, er Agni alltid ung, men samstundes er han udøyeleg. Han er sendebod for dei andre gudane, og tek med seg offer som blir brend på elden til dei.
Agni er ein av dei første gudane ein påkallar i hinduritual der ein bruker eld, og det første ordet i det første hymna i Rigveda er namnet hans:
agnim īļe purohitam |
Agni prisar eg; den utvalde presten, |
Det finst vidare rundt to hundre hymne til Agni i Vedaene.
Agni var viktigare i den tidlege vediske religionen, som la stor vekt på brennoffer, enn han er i hinduismen av i dag. Likevel er offerelden framleis eit element i mange seremoniar, og ein kan ikkje halda ein hinduisk vigsel utan å påkalla Agni, eller å gå rundt elden hans sju gonger.
Agni er ein av gudane som vakter dei åtte himmelretningane, asjta dik palaka. Retninga hans er søraust.