Afroamerikansk litteratur
From Wikipedia, the free encyclopedia
Afroamerikansk litteratur er litteratur skapt i USA av forfattarar av afroamerikansk bakgrunn. Tradisjonen, ikkje ein sjanger, sporar opphavet sitt tilbake til litterære verk frå seint 1700-tal med Phillis Wheatley og Olaudah Equiano. Han nådde tidlege høgdepunkt med slaveforteljingar og den såkalla Harlemrenessansen, og har fortsett med prisløna forfattarar som Toni Morrison, nobelprisvinnar i litteratur, Walter Mosley, Alice Walker og Colson Whitehead. Blant tema og emne som blir tekne opp i den afroamerikanske tradisjonen er afroamerikansk historie, kultur, rasisme, slaveri og like rettar. Afroamerikansk forfattarskap har tendert til å ta i bruk munnlege former som spirituals, kristne preiker, gospelmusikk, blues og rap.
I lag med at plassen til afroamerikanarar i det amerikanske samfunnet har endra seg i løpet av hundreåra, har òg fokuset til afroamerikansk litteratur endra seg. Før den amerikanske borgarkrigen var litteraturen hovudsakleg fokusert på plagene og urettvisa knytte til slaveriet, som indikert ved sjangeren slaveforteljingar. Ved hundreårsskiftet til 1900-talet har bøker av forfattarar som W.E.B. Dubois og Booker T. Washington diskutert i kva grad rasisme og rasistiske haldningar skal konfronterast eller forsonast med. Under borgarrettsrørsla skreiv forfattarar som Richard Wright og Gwendolyn Brooks om emne som rasistisk segregering og svart nasjonalisme. Særleg på 1960-talet blei svart politisk protest tydeleg, markert på ulikt vis med tekstar og talar av Martin Luther King jr., sjølvbiografien til Malcolm X og Eldridge Cleaver sin ideologiske Sjel på is. I dag har den afroamerikanske litteraturen blitt akseptert som ein integrert del av amerikansk litteratur med blant anna bøker som Røtter (1977) av Alex Haley, Purpurfargen (1982) av Alice Walker og Elskede (1987) av Toni Morrison, som alle har fått stor utbreiing og innverknad både i USA og i omsetjingar.