Accipiter
slekt av haukefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Den biologiske slekta Accipiter er ei gruppe av 50 rovfuglar i haukefamilien, underfamilie Aquilinae, alle med fellesnamnet 'hauk'. Anatomisk kan dei skiljast frå andre slekter i haukefamilien med hjelp av ein karakteristikk ved skulderskjelettet. Desse fuglane er slanke med korte, breie, avrunda venger og ein lang hale som hjelper dei manøvrere i flukt. Dei har lange bein og lange skarpe klør som blir til brukt å drepe byttedyra, og eit skarpt, bøygd nebb brukt i å dele opp byttet. Hofuglar har ein tendens til å vere større enn hannane. Dei nyttar ofte bakhaldsåtak mot byttedyra sine, i hovudsak jaktar dei små fuglar og pattedyr, som dei fangar etter ei kort jakt. Det typiske flygemønstret er ein serie av vengeslag etterfølgt av ei kort glideflukt. Dei er ofte funne i skogsterreng eller område med småskog.
Accipiter | |
Sporvehauk, Accipiter nisus Foto: Bohuš Číčel | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Haukefamilien Accipitridae |
Underfamilie: | Accipitrinae |
Slekt: | Accipiter Brisson, 1760 |
Denne gruppa er representert på alle kontinent inkluderte Fijiøyane i Polynesia, men ikkje i Antarktis. Dei fleste av desse artane finst i den australske regionen (20 av 50) og i den afrotropiske regionen (12 av 50). Sporvehauk og hønsehauk er vanlege i Noreg.
Verdas naturvernunion, IUCN, har kategorisert 33 av artane som livskraftige. Nær 27 % av artane er raudlista, men ingen er kritisk truga.