Abbeville
From Wikipedia, the free encyclopedia
Abbeville (Abbegem på flamsk) er ein by nord i Frankrike i regionen Hauts-de-France. Abbeville ligg ved elva Somme, 20 km før munningen i Den engelske kanalen og 45 km nordvest for Amiens. I mellomalderen var staden det lågaste kryssingspunktet i Somme, og det var i nærleiken at Edvard III sin hær kryssa elva før slaget ved Crécy i 1346.
Meir informasjon Styresmakter, Land Region Departement ...
Abbeville | |
---|---|
Beffroi i Abbeville | |
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Hauts-de-France Somme |
Geografi | |
Flatevidd | 26,42 km² |
Flatevidd - By |
26,42 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
25 567 968/km² |
Koordinatar | 50°6′0″N 1°50′0″E |
Høgd over havet | 8 m |
Tidssone | CET (UTC+1) |
Diverse anna | |
Heimeside: www.ville-abbeville.fr |
Lukk
Abbeville var den største byen i den tidlegare franske provinsen Ponthieu. I dag er han ein av tre sous-préfecture i departementet Somme.